Monsrud skule, Grue

Gunnar Tanga

FRÅ EIN LITEN KRINS DER SKOGEN OG BYGDA MØTTEST.

Aldri er det gjort eit slikt tak for norsk folkeskule som det vart gjort etter at skulelova frå 1860 kom. I prinsippet kom all framvokster for folkeskulen til å følgje dei linene som vart oppstreka da. Vi hadde jo bak der skulelovene av 1739 og 1827, men omgangsskulen var det vanlege utover bygdene, og ”almueskolen” var fyrst og fremst ein religionsskule.

Læraren var ”skoleholder”, og det vart ikkje kravd meir enn at han akkurat kunne lesa og skrive litt.

Det var prestane som i gammal tid hadde ansvaret for skulen, og alt som kosta pengar, var bygdene hardt imot. Men frå 1860 ser det ut som om bygdene er svært viljuge til å ta på seg dei kostnader det fører med seg å få til ein moderne folkeskule. Vi hører svært lite om motstand mot fastskulane, meir motstand møter fagkrinsen i den nye fastskulen. Det at religion blir eit fag jamsides andre fag, og det at leseboka har for mye verdsleg stoff, det møter naturleg motstand mange stader. Vi veit ikkje stort om kampen om leseboka frå mi heimbygd, Grue, anna enn frå Finnskogen, og frå dei små krinsane der Finnskogen møtest med bygda.

Det var naturleg det og at faget religion fekk ein stor plass i den nye fastskulen. I den timeplanen som blir sett opp for 34-timars veke i andre avdeling (storskulen) er fordelinga slik: Forklaring, bibelhistorie og bibellesing 12 timar, rekning 6 timar, skriving 4 timar, lesing 6 timar, lesebok 4 timar, song 2 timar. Vi gjer merksam på at faget ”lesebok” dekker det vi no kallar orienteringsfag: Historie, geografi og naturhistorie. Det var ikkje før enn etter skulelova av 1889 vi fekk særskilde timar i orienteringsfag og lærebøker i dei for landsfolkeskulen. Kor stort løft den nye skulelova var for bygdene, får vi ei aning om når vi veit at heile skulebudsjettet for Grue i 1809 var på 190 spesidalar. Frå 1860 til 1864 vart det brukt 8760 spesidalar berre til kjøp av jord og tufter og til bygging av skulehus.

FASTSKULEKRINSAR

Det er i august 1861 at Grue blir inndelt i fastskulekrinsar slik den nye skulelova krev. For det fyrste måtte fastskulane halde til i leigde hus, og tre krinsar fekk omgangsskule (to på Skogen og ein ved Neskvern på vestsida av Glåma). Det som interesserer oss her, fordi eg seinare skal stanse ved ein liten skule, er ordninga frå kyrkja og nordover. Ved kyrkja var det ein klokkarskule med lærerbustad før. I Bergesida vart det skulestad på Ingelsrud. Det vart leigd skulerom på Dal i Sorknes og på Møllerud ved Kvernbakken (Namnå). Sorknes og Møllerud var ein skule med to skulestader. Det gikk over tretti år før det vart skulestad på Kvernbakken (Namnå). Det var ikkje meininga at det skulle bli fastskule på Monsrud. Det hadde vori omgangsskule der før. No vart krinsen førebels delt mellom Ingelsrud og Møllerud. Men det vart så lange og umoglege vegar frå heimane som låg lengst til skogs at det måtte bli fastskule der. Så spanderer Olsen på Grøset ein unyttig steinrabbe av husmannsplassen Stormonsrud til bygda, og skulehus blir sett opp i 1866.

På få år festna krinsane seg, og det vart bygd skulehus i alle krinsane. Det vart bygd to slag skulehus. Der skulelæraren heldt til, fekk vi midtkammerstuer (16 x 9 m) med skulesal til venstre og lærarbustad i midten og til høgre. I små krinsar der læraren berre låg over natta, vart det eit lite tredelt hus med ein skulesal på 6 x 6 m, eit grautrom eller lærarrom på 3 x 2.5 m og ein gang. I grautrommet hadde læraren seng, for slik krinsane var kobla saman den tid, var det uråd for læraren å gå fram og attende kvar dag eller annankvar dag. I slike krinsar måtte han stanse heile veka og halde skule kvar dag.

SKULEN PÅ MONSRUD

Det var ein liten feleovn i lærarromet på Monsrud skule. Eg kalla det og for grautromet, og eg skal fortelja kvifor. Matsekken til ungane var vanleg ein liten stoffpose med mjøl. I fritimen samla læraren saman mjølsnusene og kokte vassgraut. Skulen vara i seks klokketimar (lørdag fire eller fem) med ein fritime midt på skuledagen. Skuledagen tok til klokka 0800 og vara altså til klokka 1500.

Skulebenkane var smale og og 2.5 meter lange. Kvar benk hadde plass til fire elevar, og det vart altså 60 cm til kvar, noko som var litt lite i skrivetimane. I dei tjue fyrste åra var det samla skule her med ni veker kvart år. Barnetallet i denne tida svingte noe mellom 37 og 50. Når eg tenker på skuleromet, er det uråd for meg å forstå koss det kunne vera plass til tolv langbenkar i romet. Ein annan ting er kubikkinnhaldet med luft pr elev, og at skuleromet ikkje vart utlufta meir enn ein gong midt på skuledagen. Høgda under taket var 2.5 meter.

Så hende det rett som det var at det vart ein elev borte frå skulen. I 1879 står det i dagboka for Monsrud om ”Eli død”. Prosenten for fravær var stor, og grunnane var ikkje berre sjukdom. Nils er borte heile januar og halve februar i 1881. Han har ”ikke klæder”. Martin er borte i juli og august same året, han gjeter. Ein av ungane måtte være heime og kjøre gjødsel, og så var det å sanke tyttebær. Det kunne og vera vær og vegar som gjorde at prosenten for fravær i noen år gikk opp i 20 og 30.

FOLKET RUNDT SKULEN

Når vi talar om vinter og uvær, er det rart at folk levde opp. Frå Monsrud fortalte dei om ei skulejente som budde på ein plass langt til skogs, og skulevegen var ingen veg, berre laus snø.  Det var bratte bakkar ho trilla nedover så snøen gauv – og ho hadde ikkje underbukser på seg. Jenter brukte ikkje det. Det kunne vera sprettkaldt, opp til tretti kuldegradar.

Vi skal sjå litt på heimane skuleborna kom frå i denne krinsen. Mot bygda var det husmannsplassar mot Grøset og Skulstad. Det var solide husmannsfolk, folk med bra vett og den oppdrifta som husmannsplassen kunne gi. Bonden på ein av plassane hadde kommi frå ein bra gard i bygda. Han var glad i ei husmannsjente og tok over ein plass, fordi han vart jaga heimafrå. På plassane ellers satt det både skreddarar og smeder og andre folk som greide seg bra. Men på holmane i Namsjøen og og i småplassane ved stranda og i seterliene bodde det ein del folk som ikkje hadde mye å livnære seg av, det kunne vera å fortinne kopperkjelar, feie piper eller selje sopelimer, eller ta seg arbeid som det fall seg i skog eller på gard. Det vart mange barn i dette samfunnet. Det var ikkje dei fleste som levde opp, men i skulen kom dei. Blad og bøker fantes ikkje heime. Pengar til å kjøpe skulebøker for var det mange gonger ikkje. ”Udtog af Pontoppidan” og andre skulebøker gikk på lån til fillene slang. Skuledagane kunne vera ei plage for ungane og noe unyttig fanteri for dei vaksne. Det er ikkje å undres over at fraværet var stort. Ei lita historie fortel noe: Masshus var lærar i denne krinsen mye av ein mannsalder.  Ved overhøringa på kjerkegolvet vart presten ståande framfor ein lang gut som ikkje kunne svara på dei enklaste spørsmål. Klokkar Maanum bøyde seg mot Masshus og spurde: ”Er han frå Monsrud, han der?” Masshus såg nedover rekka ei stund og svara så: ”Nei, men han ligner.”

LÆRARANE

I slike småkrinsar skifta lærarane svært ofte. Ein gong var krinsen kopla saman med Frysjøberget som og var ein slik liten krins, og læraren budde i ein skogsheim austafor Tjura. Han hadde i den tida tre slike små krinsar. Da det kom kvinnelege lærarar med småskuleeksamen til Grue, vart dei sette i småskule, og dei måtte ha småskulen i fleire krinsar. Ein lærar eller lærarinne kunne ha eit par mil mellom krinsane.

Det var ikkje skule ved Namnå til å begynne med, men det vart bygd skule som starta det samme året som jernbanen kom, i 1893. Læraren og lærarinna ved Namnå hadde også Monsrud, med 17 veker skule, 9 i storskulen og 8 i småskulen. Vi nærmar oss nå hundreårsskiftet, og barnetalet gikk kraftig ned. Etter kvart vart heimane rundt Namsjøen nedlagte, og i 1897 var barnetalet nede i 25. Etter kvart vart dei gisne stuene ved sjølandet og på holmane borte, og da eg kom til krinsen i 1924, fant vi berre tuftene att på holmar og i seterlier. Mange folk hadde kommi unna til Amerika eller på småheimar rundt i bygda.

Det var dei gamle slektene som rådde på små bruk eller gode husmannsplassar i krinsen. Etter kvart vart Monsrud sjølvstendig todelt skule med eigen lærar som bodde i krinsen. Husmannsplassen Stormonsrud vart kjøpt til lærargard, og det vart bygd ein stor lærarbustad på garden inntil den vesle, gamle skulen. Skuletida vart sett til 16 + 18 veker som var det vanlege på skulane i bygda.

TYTTEBÆRFERIE

Når det gjaldt skulefri, var den viktigaste ferien når tyttebæra var takande. Da måtte det vera minst tre vekers opphald med skulen. Skuronnfri var det aldri så nøye med her, for bruka var så små at ungane ikkje behøvde å vera med. Potetferie om hausten var det heller ikkje så farleg med, berre tyttebærferien vart lang nok.

Eg var komen frå åpne gardgrender i bygda. Etter kvart merka eg tydeleg eit skifte i tale og omgang mot det eg var vant til. Dei vaksne og gamle var litt skygge og var ei ordlaget. Slik var det og med barna i skulen. Eg visste ikkje kor eg hadde dei. Det åpne sinnet og den viltre replikken som ellers særmerker disse bygdene, var ikkje her. Berre hos smeden fant eg att den likeframme replikken og det åpne sinnet. Alle heimane hadde vori husmannsheimar. I mi tid var halvparten av bruka husmannsbruk. Heile krinsen var også i mi tid avhengig av storgodset Grøset, og det hadde ein tradisjon 150 år bakover i tida. Når ein kjenner til det gamle forholdet mellom husmann og storgard, er forklaringa på skiftet i omgangsform og tale enkel.

No var eg i den krinsen i mellomkrigstida, i dei hardaste åra som vi har vori inne i, så langt tilbake som folk minnes. Vi skulle ha fritt skulemateriell. Noen år fekk vi kjøpe til skulen for kr 1.75 pr elev. Det rakk berre til skrivebøker, kladdebøker, blyantar, blekk og pennar, og så fekk lærebøkene gå frå barn til barn så lenge til alle blada var lause. I ein slik liten skogkrins der nesten alle levde av skogen og arbeidet der, gikk det gali når skogsdrift ene var små.  Og til tider var det mange som måtte gå vegen til fattigkassa.

Det er historie dette nå, og ingen veit noe om det og kan ikkje vite noe om det som ikkje sjølv har levd i det.

MILJØET I SKULEN

Eg skulle teikne miljøet i skulen og. Langbenkane var borte. Dobbeltpultar med glideklapp hadde tatt over romet. Det var eit stort skap her, eit høgt rekel av eit kateter, ei svingtavle, kart over Norden, over Sør-Norge, over halvklodene og eit fillete kart over Europa. Så hadde vi Dybdahls plansjar, og så var det ikkje meir. I fem år hadde vi vassbøtte med drikkeause, heilt til Sanitetsforeningen spanderte ein drikkebutt til å henge på veggen. Vi hadde ein høg etasjeovn, og han var bra. Ovnen hadde nok blitt skifta ut etter 1897, da Masshus hadde ein merknad frå 6. februar: ”10 børn fremmødte, umulig at holde skole, da ovnen, tross gjentagen feiing, ryker, så at læreren anser ophold i skoleværelset for sundhedsfarlig. Derfor blev den dag ingen skole holdt, hvorom underretning meddeles tilsynsutvalget snarest.”

GAMMAL GRENDEKULTUR

Ein gong var eg i ein liten krins langt, langt aust i skogen og heldt eit foredrag. Her opplevde eg noe som eg ikkje kan finne ord for. Det var ein mentalitet eg ikkje har funni noen annan stad i landet der eg har fari. Eg skjønte den gongen tydelegare enn eg før har visst det, at grender i Telemark, i Trysil, i Østerdal, i Solør og tusen andre stader i landet vårt har sine eigne særdrag i lyrikk, i forteljing, i levemåte, i biletkunst, litteratur, maling og treskurd der kvar ting fortel om noko særlig. Dette blir borte den dagen den vesle krinsen blir sentralisert til storskulen i bygda.

Eg tenkte på min eigen vesle skulekrins. På sjølve krinsen der kvar heim samla seg om skulefestane i det vesle skulehuset, om basarar der og om lysbildekveldar vi held tein gong imellom. Folk var så glade når det hendte noe i krinsen. Eg tenkte tilbake på skulebarna eg hadde i tretten år. Kor langt ville dei ha nådd etterkommerne etter skreddaren og smeden dersom ikkje framtida hadde vori stengd i dei åra barna voks opp?

Det nyttar ikkje å  gråte over det vi mister. Den vesle krinsen er nedlagt. Alt er historie. Før eg sluttar forteljinga om ein liten krins som borer seg inn i vill skog, vil eg gjera professor Olav T. Beitos ord til mine: ”Vi hadde berre ein lærar gjennom heile skuletida. Han var vel ikkje like interessert eller like flink i alle fag – det kunne ein ikkje vente. Men vi hadde den kjensla at han var interessert i oss, at vi skulle lære noko, og at det skulle bli folk av oss, og likesom ein Bård skulemeister heldt han oppe interessa for sine gamle elevar, som han hadde lært å kjenne gjennom 7 – 8 år.”

SMÅTT OG STORT FRÅ DEN VESLE KRINSEN OG DEN GAMLE SKULEN

Olea Monsrud var gammal da eg kom til krinsen. Ho hadde gått på skule den gong det var omgangsskule i Monsrud, og ho hadde og vori i den fyrste fastskulen. Ho fortalde frå ein skuledag på ein liten plass ved sjøen:

”Ein dag i mars rann det frå taket, og snøen var kram og god ute. Vi hadde den gongen ein ung og snill lærar. Skikken var den at når ein eller annan hadde ærend ute, så sa han: ”Kjære vene deg, skulmeister, får je lov å gå ut litt.” Så var det ein gutt som fekk gå ut. Han klemde ein snøball og kasta utover mot sjøen. Så var det ein gut til som ba om gå ut, og så tok desse to til å kaste snøball på kvarandre. Dette såg dei som inne var, og så smaug dei ut alle gutane, og det vart snøballkrig. Til slutt var det berre vi jentene som var inne. Så gikk vi ut og stod på steinhella og såg på krigen. Skulemeistern kom etter og stod og såg på. Til slutt sa han til oss jentene: ”Dø kan vel gå inn dø vel, som itte har noe med det.”

Etter at det vart fastskule, var det ein gong ein sersjant frå bygda som heldt skule noen veker. (I mange år var et slik at omgangsskulelærarar utan pedagogisk utdanning fulgte med i fastskulen. I lengste laget fekk dei halde fram i slike småkrinsar ”som det ikkje var så nøye med.”) Han festa temmeleg mye om kveldane og var trøytt kvar dag han heldt skule. Når det leid på dagen, la han hovudet på armen og sovna ved bordet. Da hende det at vi heldt leven så sersjanten vakna. Da sette han i ein eid og skreik: ”Helvetes ungar! Kan dø itte holde fred, så je får sova!” Så var det stilt ei stund til sersjanten hadde sovna.

På ein gammal plass var det ein husmann som samtidig var skredder. Han var gift og hadde i alt tretten ungar. Om han går det mange historier, for han var så rappkjefta og snartenkt. Replikken hans var av det kjende Solørslaget. Han gjorde narr både av seg sjøl, fattigdommen og andre. Dei fortel om han at han ein gong var nede i butikken og kjøpte full neverkonten med brød. Ein mann som stod ved sida, sa: ”Men eter dere opp alt dette brødet før helga?” Og skreddaren svara: ”Om Gruekjerka var full av brød frå stordøra til alters, så åt dom seg til alters ennå inna påske.” Da var det att tre dagar til påske.

Ein replikk som lever etter den samme skreddaren, er denne: ”Je har så mange fillete ungar, så når det blåser dyktig, må je gå med ei rive og raka dom oppatt.”

Det var mye sekt-kristendom i denne krinsen, og over halve krinsen hørte enten til pinsevennene eller Kinamisjonen. Det var møter i stuene bortover: Han gamle Johannes på den andre sida av dammen var ein bra kar, stille og innestengd, men sterkt religiøs. Ei kjerring stod opp og vitna ein gong, og heile vitnemålet gikk ut på å fortelja om gubben at han ”vandret i synden”. Midt i vitnemålet reiste Johannes seg og sa: ”Sett deg!” Og kjerringa sette seg.

Gamle folk frå skogsheima og stuene ved sjøen kom aldri så langt som til kjerka. Så kom presten ein gong imellom til det vesle skulehuset og heldt andakt og delte ut sakramentet. Det var noe særskilt dette å smaka vin, og desse samlingane var svært gjeve. Så var det ei kjerring som da kalken kom, fekk for liten smak, og ho skreik etter presten: ”Je fekk nesten ittnoe!” Om ho fekk påfyll, veit ikkje eg.

Ei av kjerringane ved sjøen sendte bod på doktoren rett som det var på sine eldre dagar. Stort var det ikkje som feilte henne, men doktoren skulle ho ha. Doktor Haslerud visste om henne og visste om den vanlege sjukdommen, og han gjorde seg ikkje brått om. Ein gong kom han til kjerringa dagen etter at han hadde fått bod om å komma. Da var kjerringa i orden og satt i muren og røykte. Haslerud sa: ”Sitter du oppe?” ”Ja, men du skulle ha kommi går du, så hadde du f…… g…… meg få sett på ei som var sjuk!”

På sine gamle dagar vart han einsam og flytta opp i ei seterhytte i Brusetra. Der fekk han med seg iei gammal jente og heldt til der oppe. Presten fekk greie på dette og sendte medhjelparen sin, Christofer Gaustad, opp dit. Da dei hadde seti og prata ei stund, sa Gaustad’n: ”Je syns du kunne gifte deg med a Marja, je.” Og gubben svara: ”Ta a du.”

Men gifte vart dei, og kjerkebryllup vart det. Sorknesbøndene kledde opp både Marja og gubben. Han fekk fin frakk med lommer, og ho fekk silkestakk, svarte hoser og sko. Ung-Per Skulstadberget var brudesvein, og han har fortalt meg dette: ”Akkurat da han skulle inn gjennom kjerkedøra, tok han opp ei flaske fra lommen og drakk både godt og vel før han gikk inn. Vi fekk ingenting. Han slo korken i flaska og stakk a ned i lommen att.” Han måtte ha noe å styrke seg på.

I samfunnet ved sjøen bodde også Tigerhjelm og kjerringa i ei stue. Avgifta for plassen var ti sopelimar i året. På ein holme budde feieren. Han gikk rundt i garda og feide piper og sat på ein stol og halvsov og sang i halvsøvne: ”Jeg er av verden kjed og av dens usselhed.” Men folka ved sjøen var borte i mi tid. Berre den game kopperslagaren heldt til her en tre-fire år, og utslitne sko i ei steinrøys i seterlia fortalde om at det hadde stått ei stue der.

Eg skal slutte med ei prøve på replikken i mi tid i krinsen. Det var han Petter Nebben som sa: ”Det blir anna vær. Han Petter Sollien går langs sjøen og synger ”Blant alle lande i øst og vest.”

 – Trykt i Årbok For Glåmdalen 1965 –